Turorientering

Våren er her, og no er postane på plass i skogen.

Du får no kjøpt deltakarkonvoluttar på Circle K og bui i Øyfjell.

Postane er i år sett ut på karta Dauvi, Oftefjell, Slettemoen, Øyfjell og turkart "Tokke". Du treng ikkje å vera ekspert på kart og kompass for å finne fram. Postane er lagt i nærleiken av sikre haldepunkt.

Nytt av året er at dei over 60 år berre treng å finne 20 postar for å fullføre.

Meir detaljert informasjon finn du i deltakarkonvolutten.

Dersom det er noko du lurar på er det berre å ta kontakt med Asbjørn Byggland.

 

God tur i skogen.

Medlemskontingent 2018

Vil du bli medlem av Høydalsmo IL? Då har du sjansen nå.

Som medlem kan du delta på ymse aktivitetar i regi av HIL.

Dersom du deltek på nokre av desse aktivitetane MÅ du betale medlemskontingen, mellom anna pga. forsikringar ved evt. skade.

Medlemskontingenten for 2018 er
Born tom 24 år (heimebuande) kr 200,-
Vaksne kr 300,-
Familiemedlemskap kr 600,-

Dersom du har høve til det er det lurt å laste ned appen "min idrett". Her finn du medlemskortet ditt og det er enkelt å betale koningenten via appen.
Du kan og skrive ut eit medlemskort etter at du har betalt via internettsida www.minidrett.nif.no/

Det blir sendt ut giro til medlemar og tidlegare medlemar i desse dagar. Dersom du ikkje får ein giro kan du ta kontakt med Reidun Lofthus

e-post og melde deg inn.

Me treng då namna på alle som skal vere medlemar, adresse, e-post og fødselsdato.