Trimbøkar
Det er bøkar å skrive seg i på Hægås, Eirefjell, Oftefjell, Oftevatn (i enden av vegen i Tveitlii), Lauvhovden, Beintsmyran og i ljosløypa ved Storkòs. Ved å skrive seg i bøkene får ein premie på den årlege avslutninga. Me har i tillegg ei bok på Beintsmyran i «Skinanløypa» som er mest umogleg å telje, så den er mest for moroskuld.
Ein må ha minst 150 poeng for å få deltakarpremie.
Idrettsmerket
Er for alle frå 10 år og oppover. Born og ungdom kan ta merkje kvart år. Frå fylte 16 år får ein 1 poeng kvart år for klara krav. Vaksne må i tillegg fullføre trim og uthaldenhet. Vaksne får då merke og utmerking etter reglement. Dette er ei artig utfording til seg sjølv, og det er ope for alle som vil prøve. Her heiar alle på kvarandre.
Dame- og herretrim
To gonger i veka er det dametrim i samfunnshuset. Variert og god trening med både styrke- og pulstrening. Dette er eit tilbod til eldre ungdom og vaksne
Ein dag i veka heile året er det herretrim. Dei møter på skuleplassen og driv med fotball og sykling i barmarkssesongen, samt ishockey i vintersesongen. Dette er eit tilbod til eldre ungdom og vaksne
Ti -Toppers i Tokke
HIL er medlem av Ti-Toppers i Tokke og har ansvaret for merking og rydding av løypene til Oftefjell, Eirefjell, Vornuten og Raudsinutane.
Du kan velje ut ti av nitten toppar som du ynskjer å besøke i perioden juni til juni. For å delta må du kjøpe eit klippekort som du tar med på toppane og klipper i med klippetengane på toppen. Enkle små klippekort med namn og nr. på toppane, men meir informasjon og beskrivingar er å finne på heimesida til IL Tokke www.iltokke.no . For born under 12 år, er det ein eigen " 5 toppars" der dei vel ut 5 av 15 toppar. Alle som gjennomfører får ein premie. Toppane er i alle kategoriar, slik at det finns enkle toppar for nybyrjarar og litt lengre og meir utfordrande for dei som har vore mykje på tur tidlegare. Klippekortet kjøpes på turistinformasjonen på Dalen, bui på Åmdals Verk og Circle K i Høydalsmo.
Ti-toppers er et samarbeidsprosjekt mellom 8 lag og foreninger: Byrte IL, Mo grendelag, Skafså grendelag, Åmdal IL, Eidsborg ungdomslag, IL Tokke, Lårdal Vel, Høydalsmo IL og Austheii grendelag.
For å delta på Titoppersen kan ein kjøpe klippekort med turskildring, kr. 100 for vaksen og kr. 50 for born. Kvar topp er utrusta med postkasse og klippetong. Hugs å klippe på angitt plass for dei ulike toppane! Toppane er avmerkt både med skilting og raudmerking.
Gradering av turane:
Blå: lett tur
Raud: litt krevjande
Svart: svært krevjande