Styret i skigruppa 2022/23:
Olav Bjørn Bakken
Elin Solbu
Bjørn Inge Selstø
Gunnar Bleikelia
Høydalsmo IL har eit moderne løypenett på 2,5 km, 3 km, 5 km og 10 km. Det er ljos i 5 kilometeren.
Startområdet for løypenettet er ved skistadion ved Høydalsmo skule.
Løypenettet har internasjonale sertifikat for 5 kilometer og 10 kilometer. Klubben har skiløyper på Skinan (Grønliheia) og hoppbakkar i Huka.
Det er kvart år tilbod om skileik for dei minste og skitrening for dei som er 10 år og eldre.
I februar og mars arrangerer skigruppa klubbrenn ein kveld i veka. Avslutning med premieutdeling etter siste gongen.
Skigruppa er også arrangørar av ulike skirenn.