Høydalsmo IL arrangerar kretsrenn og TV Cup i Høydalsmo 09.02.2019 med start kl. 12.00. Meir info
Magnus tok sølvet i verdscupen i kombinert i Granåsen laurdag og 16. plass på søndag. Dette var nok til å ta den siste plassen i den norske troppen på kombinertlandslaget, som skal til VM i Seefeld.
Han har gjenge fortast av alle i langrennsdelen i årets sesong, og har begynt å syne ein aukande form i hoppbakken. Me trur han er på veg mot toppforma og gler oss til tida som kjem.
Gratulere så mykje med sølvet og plass i VM-troppen Magnus! Me er mektig stolte og heiar på deg!
Saker til årsmøtet må vere styret i hende innan 20. februar. Sendast til leiar@hoydalsmoil.no, evt. pr. post til Hoydalsmo Idrottslag, v/Mette Lillegård, 3891 Høydalsmo.
Innkalling med fullstendig sakliste vert tilgjengeleg på heimesida frå same dato.
Minner om at alle under 15 år har møte, uttale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett i årsmøtet. Alle over 15 år har stemmerett dersom dei har betala medlemskontingenten og vore medlem i minst ein månad.
I tillegg til vanlege årsmøtesaker og innkomne saker, vert det ein liten årskavalkade med bilete frå aktivitetar i 2018.
Vel møtt!
Helsing Styret
Høydalsmo IL er utruleg stolte av kåringa! Det er løypeleggjar Asbjørn Byggland som skal ha æra for den gode omtala og positive kåringa som er med å setje oss på kartet i o-miljøet internasjonalt.
Her er ein link til eit intervju frå 10. desember 2018
http://www.orientering.no/nyheter/stort-loypen-bli-lagt-merke-til/
Og her er link til sida i World of O
http://news.worldofo.com/2018/12/09/course-of-the-year-2018-world-cup-final-middle/
Magnus Krog er ein av dei to som fekk utøvarstipend av Høydalsmo Idrottslag i 2018. Han sendte oss følgjande tekst om seg sjølv for deling på heimesida.
Eg er ein litt typisk Norsk kombinertløpar, som har styrken min i langrennsløypa. Dette heng nok litt saman med det flotte langrennsmiljøet som var i Høydalsmo då eg vaks upp. Me hadde eit fantastisk miljø, med fleire løperar i ulike årsklasser. Me trente bra saman og hadde det mykje moro. Både foreldre, utøverane, trenar og lærar på skulen Asbjørn, hadde mykje å sei for at eg utvikla meg som idrettsutøvar. I heile karriera mi har hoppinga vore ei utfordring. Dette har eg jobba hardt med i fleire år, og held fram med å jobbe hardt med det ettersom nivået stadig blir høgare. Eg har vore på landslaget siden 2011, og slo ikkje gjennom internasjonalt før eg var 24 år gamal. Dei siste to sesongane har eg vore plaga mykje med sjukdom i oppkøyringsfasen og under sesongen, som har øydelagt mykje for meg. Dette året har det gått betre, og det viser at når eg får trent det eg planlegger å trene, så gjev det uttelling i konkurransane, spesielt i langrennsløypa. I hoppbakken må eg bare halde fram med å jobbe på, og vera tålmodig :)
MvhMagnus Krog
Me takkar for tekst og bilete me kan dele på heimesida vår og ynskjer alle mogelg lukke i komande meisterskap.