Tilbod om klubbklede til medlemspris

Høydalsmo IL vil igjen tilby medlemar å kjøpe klubbklede til medlemspris hjå Trimtex.

Nettbutikken har opna og vil vere open fram til måndag 01.07.24 kl. 23:59. Forventa levering er i veke 36.

Det blir arrangert ein prøvekveld på klubbhuset til HIL måndag 24. juni frå kl. 18:00 – 20:30. Trimtex har også sin eigen størrelsesguide under kvart produkt om du ikkje har anledning for å kome på prøvekvelden.

Høydalsmo IL vil dekkje 40 % av kvart plagg som er i HIL sin kolleksjon hjå Trimtex. Dette tilbodet gjeld kun for medlemar som har betala medlemskontingenten. Elles er det verdt å nemne at det er 20 % klubbrabatt på resterande produkt i nettbutikken hjå Trimtex (www.trimtex.no).

3D visning av kvart plagg i HIL sin kolleksjonen finn du i denne lenkja og prisliste finn du i denne lenkja. HIL dekkjer 40 % av prisen under "Din stk. pris". Det er junior- (120 – 160 cm), dame- og herrestørrelsar.

Produkta i HIL sin kolleksjon er tre typer overtrekksdress til ulike vêrtilhøve, vest, konkuransedress ski, t-skjorter/singlet til løping og orientering, løpetopp til dame, to typer dunjakke, sykkeltøy, luve og panneband.

Informasjon om korleis ein bestiller klubbtøy i nettbutikken til Trimtex:

Du får tilgang til nettbutikken ved å logg inn eller opprette ny konto på denne lenkja.

Etter og ha logga inn må ein legg til teamkoden hoydalsmoidrottslag-2962 for å få tilgang til Høydalsmo IL sin teamshop.

Vegleiing på korleis ein opprettar ny konto, loggar inn og legg til HIL sin teamshop finn du på denne lenkja.

PS Det er ikkje mogleg å byte bestilte klubbtøy.

PS Har du ikkje anledning til å møte på prøvekvelden kan du kontakte Arne Moen Lid for å få til ei løysing.

Helsing Styret

lagt til handlevogn