Gruppa vart stifta fyrste gong i 1963. Sama året fekk klubben sitt fyrste kart. Det var Einar Strand, Olav Mostaul og Steinar K. Kvaale som drog det heile i gang.

Fyrste store arrangementet var Sørlandsgaloppen i 1965. Dette var det fyrste løpet i galoppen si historie. Klubben arrangerte og galoppen i 1966 og 2015. I jubileumsløpet 2015 deltok om lag 2000 deltakarar. Samstundes som det var Sørlandsgalopp vart det arrangert VM uttakingsløp for senior.

I 1976 arrangerte klubben NM langdistanse, og 19. august 2018 arrangerar Høydalsmo NM ultralang distanse for junior og senior.

Opp gjennom åra har det vorte arrangert mange o – løp i Høydalsmo.

I tillegg til å arrangere terminfesta o – løp held klubben på med treningsløp og turorientering.

I dag er det om lag 8 – 10 personar som deltek på løp utanfor klubben.

 

Kontakt

Kontaktperson for orientering og turorientering er Asbjørn Byggland, tlf. 97037296, asbjorn.byggland@tokke.kommune.no

Andre sentrale personar i orienteringsmiljøet i Høydalsmo IL er Ketil Kvaale (arrangement) og Gunvor og Oddvar Byggland (turorientering).

 

Turorientering