Kvart år arrangerar Høydalsmo IL turorientering. Områda som vert nytta ligg kring Høydalsmo sentrum, og Øyfjell skule.

Opplegget er eit lågterskeltilbod. Grunnen til dette er at postane ikkje er så krevjande å finne. Ein treng ikkje vera ekspert på kart og kompass for å finne fram. Postane er og i nærleiken av sikre leielinjer (stiar, bekkar, vatn, store myrar etc.).

Nokre av postane er sykkelpostar, resten ligg i skogen.

Deltaking i turorientering kostar 100 kr per konvolutt. I deltakarkonvolutten ligg kart, informasjon og klyppekort. Konvolutten får du kjøpt på Circle K i Høydalsmo og Matkroken i Øyfjell.

Les meir om turorienteringa ved å gå inn på informasjonsskriv. Her finn du til dømes informasjon om reglar og premiering.

Turorienteringa startar når snoen blir borte, og varer fram til 20. september.

Ansvarleg for turorientering i Høydalsmo IL er Asbjørn Byggland tlf: 97037296, asbjorn.byggland@tokke.kommune.no

lagt til handlevogn